Chickens Prove Popular Pet With Chinese Children
Kyllingar lever på korn. Og antibiotika.
«Vel kvitt kjøt» står det i kosthaldsråda. Staten vil vi skal ete meir kylling – og vi gjer som staten seier. Produksjonen av fjørfekjøt i Noreg er meir enn dobla sidan 1999. Kylling er nærast blitt den nye poteta: som kjøtdeig, filet, grytekjøt, grilla, til kvardag og fest er det broileren – slaktekyllingen – vi vil ha. Kvit kjøt frå kylling er magrare enn det raude kjøtet frå storfe og sau. Ifølgje marknadsleiar Prior: » Et lysare liv «, 1,5 prosent feitt, 100 prosent smak.
Ein moderne slaktekylling har ein nærast eksplosiv vekst. Han vert slaktemogen i løpet av ein god månad og veg då om lag 1,3 kilo. Til samanlikning veg innhaldet i eit gjennomsnittleg høneegg – altså fråtrekt skalet – 55 gram. Ekstremsport altså, både avl og foring har eitt fokus: effektivitet. Kyllingar skal ikkje leve til dei vert gamle, men fortærast medan dei er unge og faste i kjøtet.
Medisinfor.
Industrielle slaktekyllingar som Prior leverer, lever i hallar saman med tusenvis av andre kyllingar. Varmt og koseleg ? Kanskje. Men i eit slikt driftsopplegg med mange dyr på liten plass vert det naturleg eit høgt smittepress for sjukdomar. Samtidig er det ikkje lett å ha oversikt over helsesituasjonen til kvar enkelt kylling. Ein naturleg konsekvens av dette er førebyggjande medisinering. Og kva er då enklare enn å putte medisinane rett i foret?
I Noreg er det stort sett to sjukdomar som vert førebygde slik: Ein slem liten parasitt som slår seg ned i tarmane hjå kyllingane og kan forårsake sjukdomen koksidiose, attåt den bakterieframkalla tarmsjukdomen nekrotiserande entenitt. Ingen av disse kan smitte menneske, men dei kan vere ganske kjedelige for kyllingane. Dei to sjukdomane vert førebygde felles gjennom preparatet Narasin.
kylling-2Antikylling.
Og så då ? Er det ikkje fint at kyllingane slepp å varte sjuke ? Jo, heilt klart, svarar norske styresmakter og klassifiserer preparatet som fortilsetjingsstoff – trass i antibakterielle eigenskapar tilsvarande antibiotikum. Fortilsetjingsstoff med antibiotisk effekt, altså. Og då er det på tide å trekkje teppet litt tettare rundt seg, for no kan det vetre litt skummelt. Det har lenge vore kjent at ukritisk bruk av antibiotika fører til resistente bakteriar. Bakteriar er smarte småkryp, og dei skjønar etter kvart korleis dei skal verna seg mot stoffa som prøver å drepe dei – igjen og igjen. Ein måte dei kan gjere det på, er ved å produsere enzym som øydelegg antibiotika. Det har mellom anna E. colli-bakteriar i 43 prosent av norske kyllingbesetningar gjort, viser funn Veterinærinstituttet gjorde i 2011. Antibiotikaresistente bakteriar har vore eit lite problem i Noreg og er det framleis når det gjeld dei fleste produksjonsdyr. Slaktekyllingar er eit unnatak. Eit skummelt unnatak.
Heldigvis må det iblant reglar til for å stadfeste unnataka. Stange i Tønsberg har etter kvart skapt seg eit kjent namn med dei medikamentfrie kyllingane sine. Dei har betre plass, slik vert smittepresset mindre. Samtidig veks dei litt saktare, noko som kostar litt meir: Brystfiletar frå Stange kostar kr. 199 pr. kilo medan Prior Kyllingfilet kostar 151 kroner.
Kjøper eg Prior Kyllingfilet ? Nei takk, eg prioriterer medisinfrie fuglar får Stange.
Sakset får Dag og Tid av Siri Helle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Block

Enter Block content here...


Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Etiam pharetra, tellus sit amet congue vulputate, nisi erat iaculis nibh, vitae feugiat sapien ante eget mauris.

Næringsliv
november 2020
M T O T F L S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30