Er du i tvil om kva du skal stemme? Fortvil

Prøv stemmografen!

Sett og lånt fra den offisielle websida til Are Kalvø.
Er du i tvil om kva du skal stemme? Fortvil ikkje! Redninga er nær.
Som vanlig tek eg ansvar der andre sviktar. Og også i år sviktar testane på nettet som skal fortelje deg kva parti du bør stemme på. Eg tok ei stikkprøve og prøvde den såkalla «valgomaten» på  NRKs  nettsider, der du svarer på kva du meiner om ymse saker og kor viktige dei ymse sakene er for deg, og så fortel valgomaten deg kva parti du bør stemme på i akkurat din kommune.

Eg prøvde. Eg svarte på fleire ulike måtar, sidan eg er usikker på mykje. Og det viser seg at nesten uansett kva du svarer, så er du ganske enig med alle partia, frå ytre høgre til ytre venstre. Noko som enten er feil, skremmande eller ganske interessant.

Men uansett: Det er ikkje mykje til hjelp dersom du prøver å finne ut kven du skal stemme på.

Så eg prøvde å vere litt meir konsekvent i svara mine. Og valgomaten fortalde meg mellom anna dette:
Dersom du er likegyldig til alle saker og synest alt er berre litt viktig, då skal du stemme Senterpartiet.
Dersom du er likegyldig til alt og ikkje synest noko er viktig, skal du stemme Høgre.

Dersom du er for alt og synest alt er like viktig, skal du stemme Arbeiderpartiet. Dersom du er veldig mot alt, bør du stemme enten Det Liberale Folkepartiet, Demokratene eller Norges Kommunistiske Parti. Som om det skulle vere tre sider av same sak. Og uansett: Dette er jo heller ikkje til mykje hjelp.

Men det er håp! No er han her nemlig: Den einaste testen du treng: Min «stemmograf»!

Kva tenker du om dei ulike påstandane under her? Svar så ærlig du klarer, rekn ut, og vips! Du har fått svar. Lykke til!

1. Det er viktig med kvalitet i skulen.
a) Enig.
b) Veldig enig.
c) Utrulig enig.
d) Uenig.

2. Det er viktig med eit godt utdanningstilbod.
a) Enig.
b) Vanvittig enig.
c) Skikkelig enig. Dessutan er Fabian Stang populær. Berre nemner det.
d) Uenig.

3. Det er viktig med ein verdig eldreomsorg.
a) Enig. Det har vi alltid meint.
b) Veldig enig. Vi har meint det endå meir.
c) Det er liksom ikkje måte på kor enig eg er. Og det har eg vore sidan tidenes morgon. Dessutan er Fabian Stang populær. Berre nemner det.
d) Uenig.

4. Carl I. Hagen begynner å bli gammal og gretten og er i ferd med å miste det no.
a) Enig.
b) Enig. Og ikkje berre han.
c) Enig. Då er det noko anna med… ja, du veit.
d) Eg er heilt enig i alt Hagen sa. Dessutan var det ikkje det han sa. Han blei feilsitert. Det blir han alltid. Dessutan har han angra og beklaga at han sa det han sa, som han altså ikkje sa, fordi han blei feilsitert. Dessutan har han innrømma at han ikkje blei feilsitert heller. Så eg forstår ikkje kva folk klagar over. Heksejakt!

5. Alle Frp-arar er ikkje gamle og gretne, og alle gamle og gretne Frp-arar er ikkje Carl I. Hagen, men nesten alle som er gamle og gretne liker Carl I. Hagen.
a) Artig.
b) Artig.
c) Artig.
d) Dette er sikkert eit forsøk på ein vits av det typiske lettvinte slaget som går ut over ein som berre seier det som det er. Dessutan var det ikkje det han sa. Han blei feilsitert. Og det blir han alltid. Dessutan var det ikkje han som sa det ein gong. Han siterte ein annan. Heksejakt!

6. Nokon som ingen veit kven er, men som har eller har hatt eit eller anna lokalt politisk verv, sa noko teitt for ganske mange år sidan.
a) Viktig sak.
b) Viktig sak.
c) Viktig sak.
d) Heksejakt.

7. Det er viktig å bruke stemmeretten.
a) Enig.
b) Enig.
c) Enig.
d) Heksejakt.

Ok, folkens:På tide å rekne ut.

a) gir eitt poeng
b) gir to poeng
c) gir tre poeng
d) gir fire poeng

Legg saman.

Om du får mellom 7 og 28 poeng, bør du stemme på det partiet du liker best.

Godt val.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Block

Enter Block content here...


Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Etiam pharetra, tellus sit amet congue vulputate, nisi erat iaculis nibh, vitae feugiat sapien ante eget mauris.

Næringsliv
november 2020
M T O T F L S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30