Haien kjem
Passar for ungar i alle aldersgrupper
Dette treng du:
- mange leikekameratar (helst om lag ni eller fleire, leiken passar godt for til dømes ein skuleklasse),
- ei stort rom med fire hjørne, eller ein oppmerka stad ute (lag ringar av kvist eller stein, eller riss i sand eller med kritt)
Slik leikar du «Haien kjem»:
1. Del dykk inn i fire lag: torsk, sei, makrell og flyndre, gå til kvar sitt hjørne
2. Vel ut ein som skal være hai, han skal stå i ein sirkel i midten.
3. Læraren eller ein vaksen utkomanderar eit og eit fiskeslag:
«Alle torskar skal ut og symje!» heilt til alle fiskane er ute og spring rundt haien. Når den vaksne seier «Haien kjem!» – må fiskane forte seg tilbake til hjørnet sitt, før haien tek dei. Dei som blir fanga av haien, skal vere hai saman med den første haien, i neste runde.
4. Når alle fiskane er tatt, er leiken over.
Legg igjen en kommentar